BAMA trekkjer tilbake fruktblanding

BAMA trekkjer tilbake produktet «Eksotisk Miks» frå marknaden etter mistanke om salmonellasmitte.

BAMA trekkjer tilbake produktet «Eksotisk Miks» frå marknaden etter mistanke om salmonellasmitte. Foto:

Av
DEL

BAMA trekker den tørka fruktblandinga «Eksotisk Miks» frå marknaden etter mistanke om salmonellasmitte.

Fleire av personane som har blitt sjuke under det pågåande utbrotet av salmonella, har spist dette produktet, men det er for tidleg å konkludere med at dette er smittekjelda.

– Det er sendt produktprøver til analyse, men svara er foreløpig ikkje klare, seier Karina Kaupang, direktør i avdeling mat i Mattilsynet.

BAMA har valt å trekke tilbake produktet på eige initiativ. Dei oppfordrar kundar som har kjøpt «Eksotisk Miks», 400 gram, med Lot.nr. 8291, om å kaste det eller levere det tilbake til butikken.

Selskapet opplyser at det aktuelle partiet har vore i sal sidan 15. november i NorgesGruppens kjeder over hele landet; Spar, Meny, Jacobs, Joker, Kiwi og Meny. Partiet er også seld i Bunnpris.

Resultat frå analysar av produktet er venta klare i byrjinga av neste veke.

Dei fleste av dei som er knytt til det pågåande utbrotet, har spist blandingar av tørka frukt/bær og nøtter, og Mattilsynet følger derfor opp dette sporet vidare. Det er påvist same type salmonellasmitte hos 21 personar, og det er mistanke om at ytterlegare ni personar er smitta.

Tilsynet samarbeider med Folkehelseinstituttet, kommunehelsetenesta og Veterinærinstituttet i jakta på smittekjelda til utbrotet forårsaka av bakterien salmonella agbeni.

Artikkeltags