Gå til sidens hovedinnhold

Modalen-Eksingedalen Billag kjøper Osbuss

Artikkelen er over 3 år gammel

No tar dei sikte på å bli ein god nummer to i Hordaland.

Det er inngått avtale mellom Arne Bogevik som eig Osbuss As og Modalen-Eksingedalen Billag AS (MEB). Sistnemnde har overtatt 100 prisen av aksjane i Osbuss AS frå 1. januar 2018. Det melder selskapa i ei pressemelding.

I overtakinga følger også 92 prosent av aksjane i City Sightseeing Bergen AS og 33,3 prisen av aksjane i Bergen Guideservice AS.

– Sterke kjensler

– Osbuss har hatt ei rivande utvikling sidan eg starta forløparen til selskapet i 1994, og det er sterke kjensler i sving når eg no sel selskapet. Konkurransen om oppdraga blir stadig hardare, og kravet til dokumentasjon og administrative system blir meir og meir påtrengande. Eg ønsker at Osbuss skal komme inn i ei trygg og god framtid, og slik eg kjenner MEB gjennom fleire års samarbeid, er eg sikker på at selskapet og dei tilsette får ein seriøs og god eigar, seier dagens eigar, Arne Bogevik.

Les også

Småbarnsmor fryktar for tryggleiken langs vegen i Knarvik. Men kommunen har ingen planar om å gjere noko

Osbuss har 25 bussar, éin VIP-bil og éin Limousine og vil i 2017 få ein omsetnad på om lag 30 millionar, opplyser Bogevik og Knut Per Grini i pressemeldinga.

Bogevik vil halde fram som dagleg leiar i Osbuss i ein overgangsperiode, medan Helle som no er dagleg leiar i MEB vil overta som dagleg leiar også i Osbuss. Han blir dermed leiar i konsernet.

Les også

Nabo fryktar busskuret skal falle saman. No lovar vegvesenet nytt skur

God nummer to

– MEB har dei siste åra gjort store investeringar i administrative system, og i 2017 blei selskapet ISO-sertifisert både innan kvalitet og miljø. Vi har ei fagleg sterk leiing, og oppkjøpet av Osbuss gir oss dermed moglegheit til å utnytte den administrative kapasiteten som er bygd opp, og som er nødvendig for å tilfredsstille framtidas krav til transportørar, seier Grini.

Visjonen til Osbuss er no å posisjonere seg som ein god nummer to i bussmarknaden i Hordaland, etter Tide som er klart størst.

Les også

Storkontroll på vegane: – Vi er overalt

 

Kommentarer til denne saken