Krimteknikarar skal undersøke brannen på tysdag

OVERTENT: Bildet syner einebustaden i full fyr. Den vart seinare totalskadd.

OVERTENT: Bildet syner einebustaden i full fyr. Den vart seinare totalskadd. Foto:

Eit bustadhus på vart totalskadd etter at det byrja å brenne måndag ettermiddag. Tysdag skal kriminalteknikarar undersøke brannstaden.

DEL

(FIRDA): – Politiet har ein teori om at brannen har starta i hovudetasjen i huset, men kva eskakt som er brannårsaken, det må ein vente med å fastslå til etter kriminalteknikarane har undersøkt brannstaden.

Det seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, etter at eit bustadhus på Hardbakke i Solund vart totalskadd i ein brann måndag.

41 personar evakuerte

Totalt 41 personar vart evakuerte etter at bustadhuset byrja å brenne.

35 personar frå nærliggande hus kan no returnere til husa sine, etter at brannvesenet har kontroll på bustadbannen som starta på hardbakke måndag. Frå brannmannskapet vart det meldt at seks personar budde i huset som byrja å brenne.

Brannen vart meldt av Vest politidistrikt klokka 14.30.

– Det er ein einebustad med tre leilegheiter i. Huset skal vere overtent, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Det vart då jobba med å få kontroll på dei som bur i huset. Klokka 15.00 melder politiet at alle bebuarar skal vere evakuerte. 

Varslaren fekk i seg røyk

Sju hus var då no evakuerte, og huset der brannen starta er blant desse. Ingen personar var meldt skadde, men politiet melder at ein person har fått i seg noko røyk. Dette var personen som kom til staden og oppdaga brannen.

Det er framleis mykje røyk på staden i samband med brannen, og bebuarar blir bedne om å halde seg inne og lukke vindaugene.

I tillegg til dei sju evakuerte bustadane, er det også evakuert sju personar frå eit nærliggande leilegheitshotell.

Det har totalt vore 35 personar evakuert frå omkringliggande hus. Klokka 16.48 kom meldinga om at dei no kan returnere til husa sine att. Politiet jobbar vidare på staden med avhøyr av vitne.


Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags