Fryseboks tok fyr på Coop Extra på Manger

Coop Extra Manger.

Coop Extra Manger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Like før klokka ett natt til lørdag fekk brannvesenet melding om svilukt og ein alarm som går i Manger senter.

Meldinga kom frå vakne ungdommar på staden.

– Det var ein kjøledisk på Coop Extra som hadde tatt fyr, fortel vaktkommandør Karl Arn- Røyseth ved 110-sentralen i Bergen.

Det var mykje røyk i lokala då brannvesenet kom til staden.

– Vi lufta ut og fekk senka temperaturen på kjøledisken. Vi rekvirerte og restverdiredningsbil frå Bergen som var ute og tok seg av utlufting, seier han.

Røyseth kjenner ikkje til skadeomfanget etter brannen.

– Det er uvisst kva skade dette har gjort på matvarer og anna, det var ein god del røyk, seier han.

Artikkeltags