Totalforbod mot å gjera opp eld

Brannsjef Karl Romarheim i Lindås, Meland og Modalen

Brannsjef Karl Romarheim i Lindås, Meland og Modalen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

DEL

Det fine vêret den siste tida har ført til at det er svært tørt i fleire områder i regionen.

Brannsjefane i Austerheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen har difor innført totalforbod mot å gjera opp eld. Forbodet gjeld for kommunane Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen.

Forbod

– Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs, går det fram i pressemeldinga frå brannsjefane.

Dei skriv at det heller ikkje er lov å grille eller tenne bål i nærleik av skog og mark eller i strandsonen.

–Heller ikkje på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane, seier dei.

Forbodet gjeld også brenning av hageavfall, sjølv på eigen tomt.

Kunngjer oppheving

Forbodet gjeld ikkje kontrollert bruk av grill i eigen hage.

– Forbodet gjeld til vi har hatt nedbør av betyding. Brann og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

Pressemeldinga er signert brannsjef Austrheim, Rolf Henning Myrmel, brannsjef Radøy, Stein Ove Valdersnes og brannsjef Lindås, Meland og Modalen, Karl J. Romarheim.


Artikkeltags