Bilbrann i Eikefet-tunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

OPPDATERT: Førar vert sjekka av ambulansepersonell på staden.

Vegtrafikksentralen melder at tunnelen no vert opna att for trafikk, men med manuell dirigering grunna bilberging.

OPPDATERT: Klokka 14.44 melder brannvesenet at dei er framme på staden. Det er ingen brann, og brannvesenet har kontroll.

Bilen skal stå eit par hundre meter inn i tunnelen frå Eikefet-sida.

Politiet opplyser at den mannlege føraren i 70-åra sjølv har ringt politiet.

– Bilfører (mann 70) har selv ringt politiet. Slukket brannen med pulverapparat. Er på stedet fremdeles, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Det skal vera lite røyk på staden.

110-sentralen melder om bilbrann i Eikefettunnelen på E39.

– Vi fekk melding om brann i bil i Eikefet-tunnelen klokka 14.14, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland til avisa Nordhordland.

– Brannvesenet er på veg frå begge sider. Det er ikkje meldt om brann i bilen no. Førar seier han hadde brann, men at han trudde han fekk sløkt, seier Lund.

Tunnelen er stengd for trafikk.

Politiet opplyser at det kun skal ha vore førar i bilen, og at brannen er midlertidig slukka med brannslokkingsapparat.

Det er ikkje meldt om personskadar, i følge politiet.

Artikkeltags