Gå til sidens hovedinnhold

Snart kan du lade mobilen trygt om natta

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein ny type batteri reduserer brannfaren til ein brøkdel.

Eit gjennombrot, meiner forskarane ved Institutt for energiteknikk (IFE). Dei stå bak det nye Litium-ion-batteriet.

Sikrare batteri

Dagens generasjon med Lituim-ion-batteri finnest over alt, men det skjer ulykker med til dels dramatiske følger.

– Vi brukar dei i bilar og mobiltelefonar, alle moglege typar verktøy, har dei i lomma, på handleddet og på nattbordet. Det er difor viktig å lage batteri med stadig aukande kapasitet, men det er også viktig å gera batteria sikrare, seier seniorforskar ved IFE, Magnus H. Sørby.

Den største tryggleikssrisikoen i dagens batteri er den såkalla elektrolytten, ein svært brennbar væske som leier Li-ioner mellom elektrodane inni batteriet. Det er på grunn av brannfaren i elektrolytten at ein vert advart mot å lade mobilen om natta.

Les også

Masfjorden får verdas djupaste sjøkabel

 

Mange forsøk

Brann i elektrolytten har også ført til at Boeings Dreamlinerar er sett på bakken, medan Samsung vart tvunge til å tilbakekalla meir enn éin million Note 7-telefonar.

Det har vore gjort mange forsøk internasjonalt på å bytte ut den flytande elektrolytten med eit stoff som ikkje er brennbart. Men så langt har dette gitt dårlegere leieevne og dermed mindre effekt i batteria.

Det er blant anna denne gåten IFE-forskarane no trur dei har løyst.

– Vi har utvikla eit nytt fast materiale som leier Litium-ioner nesten like godt som flytande elektrolytter, seier avdelingsleiar Bjørn Christian Hauback ved IFE.

Les også

Sergej ser berre kjærasten sin to veker annakvar månad for at nordhordlendingane skal få fiber-breiband

 

Vekker oppsikt

– I tillegg ser materialet ut til å opptre stabilt og heilt sikkert saman med elektrodane i batteriet. Denne kombinasjonen er det ingen andre som tidlegere har kunna dokumentera, seier han.

Ifølge IFE har gjennombrotet allereie vakt oppsikt, blant anna hos miljø som er tett på store bilprodusentar i både Europa og Asia.

Les også

Har du fått denne meldinga på Facebook? Då må du ikkje trykke på den

 

Kommentarer til denne saken