Mopedbrann på Fedje

Brannen er truleg påsett.

DEL

Måndag kveld fekk politiet sin operasjonssentral melding om ein moped som stod i brann på Fedje.

– Vi fekk meldinga klokka 19.15. Politet har snakka med brannbefalet på Fedje, som sa det hadde brunne i ein uregistrert moped, fortel lensmann Kjell Idar Vangberg.

Mopeden stod oppetter ein trafokiosk i betong like ved kommunehuset på Fedje.

– Vi etterforsker saka, med mistanke om at brannen er påsett. Det er grunn til å tru at nokon har sett fyr på mopeden, seier Vangberg.

Artikkeltags