Hus overtent: – Flammar og mykje røyk

Opne flammar frå einebustaden

Opne flammar frå einebustaden Foto:

Einebustad overtent i Balane i Hordvik.

DEL

Oppdatering: Klokka 1038 melder brannvesenet om at brannen skal vere under kontroll.

Klokka 0942 blei det meldt om brann i ein einebustad i Balane i Hordvik. Det skal vere utvendige flammar og mykje røyk.

– Huseigar skal vere utanlands, og det skal ikkje vere personar i huset, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til BA.

På Twitter opplyser politiet at brannvesenet har starta sløkking. Tre personar skal vere evakuert, men ingen av dei skal vere skadd.

Ifølge BA var både 1. og 2. etasje av bustaden overtent, og at dei no er i gong med restverdi-arbeid for å minimere skadane i kjellaren.

Politiet skriv på Twitter at slokningsarbeidet kjem til å fortsette nokre timar.


Artikkeltags