Grasbrann i Mastrevikane

DEL

I 18-tida melde 110-sentralen om ein brann i gras og kratt i Mastrevikane i Austrheim.

Brannvesenet rykka ut til staden, og kunne kort tid etter melda at brannen var sløkt.

– Brannen var på det meste sløkt då vi kom fram, seier brannsjef Karl Johannes Romarheim i Nordhordland brann og redning.

Store delar av Austrheim er for tida utan vatn, noko som kan skapa utfordringar for brannvesenet.

– Denne gongen gjekk det veldig fint. Vi har også andre måtar å skaffa vatn på, fortel brannsjefen.

Les meir om den saka her:

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags