Byggjesaker i overgangen til Alver

DEL

20. desember blir arkiva til Lindås, Meland og Radøy stengt.

Det melder dei tre kommunane på sine eigne heimesider.

– Alle byggjesøknadar som kjem før 1. januar blir vidaresendt til Alver kommune, men overgangen gjer at vi treng litt meir tid til å svare.

At arkiva blir stengt gjer at både innkomande og utgåande post stoppar opp, noko som igjen er med på å gjere at det tar lengre tid å svara på søknadane.

Kommunane opplyser også om at dersom ein har sendt byggesøknad til dei tre kommunane innan 31. desember, så treng ein ikkje gjere noko sjølv for å sende han vidare til Alver kommune.

– Vi sørger for at søknaden din blir vidaresendt til - og handsama i Alver.


Artikkeltags