NAF: Rygg bilen inn på parkeringsplassen på Black Friday

Av

NAF oppfordrar ivrige handlande til å rygge bilen inn på parkeringsplassen for å forhindre kollisjonar på «bulkedagen» Black Friday.

DEL

– Rygg inn, det gir mykje betre oversikt når du skal ut igjen, og du unngår uhell, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.

I fjor vart det registrert 498 skadar på Black Friday knytt til ulykker som typisk skjer på parkeringsplassar, blant anna etter rygging eller påkøyrsel på parkerte køyretøy.

Black Friday går av stabelen førstkommande fredag, 29. november.

– Det er forståeleg at mange tenkjer praktisk ved at bagasjerommet skal vere meir tilgjengeleg, men ryggar du inn er det mykje meir oversiktleg å køyre forsiktig ut med fronten først når du skal heim igjen, seier Sødal.

Han oppfordrar folk også til å tenkje over at skal vere litt plass igjen bak i bilen, slik at ein lett får inn posane i bagasjerommet når handleturen er over.

(©NTB)

Artikkeltags