Stort straumbrot råka Knarvik

Det er Knarvik som er råka av straumbrotet, måndag morgon.

Det er Knarvik som er råka av straumbrotet, måndag morgon. Foto:

DEL

OPPDATERT: Klokka 0855 har alle fått straumen att.

BKK melder på sine sider at eit stort straumbrot har råka Nordhordland i morgontimane måndag.

3094 kundar var på det meste råka og førebels estimat frå BKK seier at dei reknar med å ha utbetra straumbrotet klokka 11.

– Me veit ikkje kva årsaka er, men me har fått ein jordfeil, seier Anne Mette Tuvin, kommunikasjonsrådgjevar i BKK til avisa Nordhordland.

– Inntil vidare må ein venta til me finn ut kva årsaka er, så kan ein etter kvart byrja å kopla om straumnettet, seier Tuvin.

Det er området Knarvik – Alversund som er råka av straumbrotet. Mellom anna er Knarvik senter utan straum no.

BKK har folk som er ute og feilsøker no, men kor tid folk får straumen attende er førebels ukjend. BKK skriv på sine nettsider at dei trur straumen kan vera tilbake klokka 11.

– Det kan gå raskare eller det kan gå det tida me har sagt. Det er vanskeleg å seia så lenge me ikkje veit årsaka, seier ho.

Ho seier at når dei finn årsaka kan dei byrja å kopla om folk i straumnettet så dei får att straumen snarast mogleg.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags