Personlege bilskilt har vist seg å vere populært sidan det blei innført i 2017. Nær 6.000 eksemplar er bestilt og godkjent sidan då. No blir bruksområdet utvida for køyretøy med slike skilt.

– Etter avklaring med mine kollegaer i Sverige og Danmark er eg glad for at norske personlege bilskilt no blir godtatt for køyring også i dei to landa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

 

Samtidig godkjenner Noreg personlege bilskilt på køyretøy frå Sverige og Danmark.

Personlege bilskilt har vore tilgjengeleg i Noreg sidan 15. juni 2017. Bileigarar kan søke om ein personleg bokstav- og talkombinasjon, som dei vil få einerett til for ein periode på ti år av gangen.

 

Prisen for personlege kjennemerker er 9.000 kroner, og over­skotet går til trafikktryggleiksformål.

Bilar som blir innvilga personleg kjennemerke, vil fortsatt vere tilknytta eit vanleg kjennemerke, blant anna av hensyn til toll og avgiftsberekning og eventuell bruk i utlandet – i andre land enn i Sverige og Danmark. (ANB)