No skal snøen regna bort

Onsdag kjem eit lågtrykk som gir temperaturar på rundt fem plussgradar og nedbør i form av regn.

Onsdag kjem eit lågtrykk som gir temperaturar på rundt fem plussgradar og nedbør i form av regn. Foto:

Skientusiastar bør nyta tysdagen, for onsdag kjem regnet, melder meteorologen.

DEL

BA: Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt trur det meste av snøen i Bergen og omland vil forsvinna onsdag.

– Medan tysdagen blir veldig fin med sol og minusgrader, vil det onsdag komma eit lågtrykk som gir temperaturar på rundt fem plussgradar og nedbør i form av regn, seier Løvdahl og legg til:

– På satellittbilda ser eg at lågtrykket kjem inn frå vest, og har stø kurs mot kysten. Utsette stader kan det onsdag blåsa opp til liten kuling.

Mildvêret vil også skapa utfordringar for skøyteisen som er lagt både i Knarvik og på Meland aktiv. Langtidsvarselet på yr.no viser plussgrader så langt fram det går, med temperaturar heilt opp i sju grader mot slutten av perioden 14. februar.

– Vil snøen i og rundt Bergen forsvinna heilt?

– Det er det fare for, ja. Både vinden og nedbøren vil tæra veldig på snøen der. Med regn både onsdag og torsdag, vil nok det meste av snøen i Bergen og på byfjella forsvinna, meiner Løvdahl og legg oppmuntrande til:

– Men nedbøren vil ikkje utgjera ein fare for snøen i skitrekka rundt Bergen, som Eikedalen og Voss. Der er det så mykje snø, samt at nedbøren høgare oppe på fjellet truleg vil komma som snø.

(Saka held fram under bildet)

Lågtrykk på veg inn mot kysten.

Lågtrykk på veg inn mot kysten. Foto:

Ikkje meir snø i vente

– Men snøen på byfjella og i Bergen vil truleg forsvinna i løpet av onsdag og torsdag, understrekar Løvdahl.

– Er det venta noko meir snø i dagane etter torsdag?

– Ikkje med det første. For Bergen ser det førebels ut til å bli nok eit lågtrykk som kjem inn mot helga, som truleg vil gje nedbør i form av regn.

Sjølv er meteorologen austlending, og melder bergensvêr frå hovudstaden.

– Her i Oslo har vi masse snø, men for helga ventar også vi eit kraftig lågtrykk som vil gi mildare vêr og truleg regn. Vi får sjå kva helga vil bringa, seier meteorologen og legg til:

– Varsla vêr, er bra vêr. Eg håpar så klart på at vi har varsla korrekt vêr, men personleg håpar eg på meir snø.

Artikkeltags