Slik blir bussrutene i morgonkaoset

Usikker på korleis du kjem deg til sentrum? Skyss har lagt ut ei trafikkmelding med sine tilrådingar.

DEL

(BA): Vassleidningsbrotet som stenger E39 ved Sandviken, skaper komplikasjonar for morgontrafikken.

Det fører blant anna til at kollektivtrafikken får endringar. No har Skyss lagt ut sine alternativ på nettsidene sine.

Frå Knarvik har Skyss sett inn tre ekstra båtavgangar i morgonrushet klokka 06:50, 07:50 og 08:50. Det er venta stor pågang onsdag morgon.

Reisande frå Åsane mot sentrum kan:

  • Ta linje 3 Sletten, 4 Hesjaholtet, 5 Loddefjord eller 6 Vadmyra, 39 Bergen busstasjon til haldeplass «Gamle Bergen». Her må ein gå frå Sandviken sjukehus via Munkebotn, Amalie Skramsvei til Ludebryggen kor det går buss vidare.
  • Ta linje 300/400 Bergen busstasjon som køyrer Knarvik - Åsane Terminal og til Arna kor det er mogeleg å bytte til tog til Bergen (vi kan ikkje garantere at du kjem med toget). Frå Arna terminal kan ein også bruke linje 90 Nesttun terminal eller 300E Bergen busstasjon
  • Ta linje 26 Birkelandsskiftet, 30E Bergen busstasjon, 32 Bergen busstasjon og 36 Bergen busstasjon som køyrer Åsane Terminal - Arna - Nesttun - Bergen sentrum.

Skal ein motsett retning, er dette Skyss sine tilrådingar:

  • Ta linje 3 Støbotn, 4 Flaktveit, 5 Åsane terminal, 6 Lønborglien frå haldeplass i sentrum til Ludebryggen, gå opp Amalie Skrams vei - Munkebotn - Sandviken sjukehus og ta buss vidare frå haldeplass Gamle Bergen.
  • Ta linje 26 eller 300/300E som køyrer gjennomgåande via Sandviken - Åsane - Nordhordland.

Skal du ta linje 3 må du være obs på følgande:

  • Linje 3 frå Støbotn mot Sletten: Køyrer vanleg trasé mellom Støbotn - Åsane terminal - Gamle Bergen. Her må ein gå av bussen og gå omlag 1 km til haldeplass Ludebryggen kor ein må ta buss vidare. Ein må gå via Sandviken sjukehus og Amalie Skrams vei. Det er forventa store forseinkingar på linja.
  • Linje 3 frå Sletten mot Støbotn: Køyrer vanleg trasé mellom Sletten - Haukeland - Ludebryggen. Her må ein gå av linja og gå omlag 1 km til haldeplass Gamle Bergen kor ein må ta buss vidare. Ein må gå via Amalie Skrams vei og Sandviken sjukehus. Også her er det venta store forseinkingar på linja.

Artikkeltags