Begge felt opne

Asfalten ryk framleis medan trafikken flyt forbi.

Asfalten ryk framleis medan trafikken flyt forbi. Foto:

Statens vegvesen har jobba på spreng. No er begge felt opne.

DEL

Siste: Begge felt på E39 mot Bergen sentrum, er no opne.

Tysdag kveld kom meldinga om eit vassleidningsbrot i Sandviken. I løpet av to timar fossa det ut 750.000 liter vatn. Dette gjorde at E39 i sørgåande retning blei stengt. Det fekk store konsekvensar for trafikken i Bergen.

Torsdag kom Statens vegvesen med gladnyheit om at eitt felt blei opna kl. 0630.

- Det andre feltet vil bli opna når det nye asfaltdekket er klart, skriv dei på Twitter.

0730 var asfalten kald nok, og felt nummer to blei opna. Då var det allereie danna seg mykje kø frå Åsane.

- Trafikken går veldig sakte, det skal vi ikkje leggje skjul på. Saktare enn i det vanlege morgonrushet, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan i Vegtrafikksentralen til BA.

Statens vegvesen informerer også om at Hardangervegen er open for trafikk i begge retningar.



Artikkeltags