Politiet slår fast: Stengt E39 vil føre til kaos i morgonrushet

Her ville det normalt sett kjørt tusenvis av bilar onsdag morgen, men no er E39 heilt stengt for trafikk.

Her ville det normalt sett kjørt tusenvis av bilar onsdag morgen, men no er E39 heilt stengt for trafikk. Foto:

– Ha gjerne heimekontor viss du kan, oppmodar politiet.

DEL

(BA): Ved 23-tida tysdag kveld blei hovudfartsåra E39 stengt i Sandviken i sørgåande retning på grunn av vassleidningsbrot.

Det er frykta at dei store vassmassane kan ha ført til store skadar under E39, og vegen er derfor stengt på ubestemt tid.

Konsekvensen er at det blir full stans for trafikken frå Åsane og omegn mot sentrum. Alle bussane blir og ramma.

- Dette vil få store konsekvensar for ferdsela på morgonen og dagtid onsdag, fastslår politiet.

Den stengte strekninga er mellom bomstasjonen i Sandviken og avkøyrsela frå E39 mot Bergen sentrum. Nordgåande retning av Fløyfjellstunnelen blir ikkje påverka.

Dette er tilrådinga frå Vegtrafikksentralen

Einaste omkøyringsmoglegheit viss du skal frå nord til sentrum, er Hardangervegen via Arna og Nesttun.

Det betyr at tusenvis av trafikantar som kvar morgon køyrer på E39 i Sandviken, må snirkle seg gjennom dei tronge Grimesvingane.

- Vi rår til at alle som skal frå Nesttun til Arna/Åsane køyrer E39 og Fløyfjellstunnelen nordover. Hardangerveien kjem til å vere ekstremt sårbar for hendingar, så vi ber om at nordgåande trafikk held seg unna, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen klokka 0425.

Politiet støttar oppmodinga frå Omdal

Bergen kommune har sendt ut innbyggjarvarsel for å åtvare om utfordringane. Vegtrafikksentralen har kalla inn dirigentar som skal vere på plass i enkelte knutepunkt, samstundes som omkøyringa er skilta på vegvesenet sine digitale tavler ei rekke stadar.

- Viss nokon vurderer det, så er det ikkje vits å forsøke å komme seg forbi i Sandviken. Dei vil bli stoppa, fastslår Omdal.

Skyss: Store omleggingar

Skyss varslar om at det vil bli ei rekke innstilte avgangar. Vy er også varsla, fordi kaos kan få betydning for pågangen på toga mellom Arna og Bergen.

Gjennom natta jobba Skyss med å finne alternative løysingar for busstrafikken som blir lamma. Det er blant anna sett inn tre ekstra båtavgangar frå Knarvik klokka 06:50, 07:50 og 08:50. Medan Linje 300E køyrer Knarvik - Arna - Hardangervegen - Bergen, og linje 300 køyrer Knarvik - Åsane - Arna.

- Det blir store omleggingar i busstrafikken onsdag morgon. Vi oppdaterer fortløpande på skyss.no og oppmodar folk til å sjekke moglege reiseruter der, og rekne seg god tid, seier Gudrun Einbu i Skyss i ei pressemelding.

Politiet: - Ta gjerne heimekontor

- Dei som kan ha heimekontor, kan gjerne ha det, seier innsatsleiar Casper Kaland i politiet til BA.

Politiet oppmodar alle som kjem nordfrå om å starte tidlegare enn vanleg. Dei oppmodar også folk til å unngå sentrumsturen dersom det er mogeleg.

Vegvesenet og geolog skal undersøke området og massane under E39 når det blir lyst. Først etter det vil ein mogleg opning av E39 bli vurdert.


Artikkeltags