Inviterer barnefamiliar og einslege til å feire julaftan på Fjord Line

Kirkens Bymisjon seier det allereie er fleire som har meldt seg på arrangementet julaften.

Kirkens Bymisjon seier det allereie er fleire som har meldt seg på arrangementet julaften. Foto:

Saman med Robin Hood Huset og Kirkens Bymisjon, inviterer Fjord Line til ei samkome på sjølvaste julaftan.

DEL

Dagleg leiar i Robin Hood Huset, Marcos Amano, er takknemleg for å kunne vere med på å arrangere noko for barnefamiliar og einslege på ettermiddagen sjølve julaftan.

– Robin Hood Huset har alltid halde ope på formiddagen julaftan, så også i år. Det er godt å kunne tilby noko også på ettermiddagen saman med ein samarbeidspartnar som Fjord Line, seier han i ei pressemelding.

Dette skjer

MS Bergensfjord kjem til Bergen 1230 på julaften. Då står dei tilsette klar til å ta imot gjester. Sjølve feiringa vil vare til klokka 1600.

  • Julebufeet i Commander Buffet
  • Kake, kaffe og mineralvann i Commander Buffet
  • Besøk av julenissen

Vidare seier Amano at jula er ekstra vanskeleg når ein har dårleg råd, eller er åleine.

– Det å kunne ete eit hyggeleg måltid i fine omgjevnadar saman med andre på julaftan, betyr mykje. Og så er det nok mange som gler seg til at nissen kjem, seier han.

I pressemeldinga skriv Fjord Line at det er eit rusfritt arrangement kor målet er å gje dei som er åleine i julehøgtida ei hyggeleg feiring saman med alt som høyrer jula til. Åse Christiansen, tiltaks- og prosjektleiar for avdeling Oppvekst og Mangfold i Kirkens Bymisjon, fortel at dei allereie har fått fleire tilbakemeldingar frå gjestar som vil kome på julaftan.

– Tilbakemeldingane er at dette er fantastisk og utruleg gøy. Dei har allereie meldt seg på og kjem om bord med heile familien, seier ho.

Ifølgje pressemeldinga har Fjord Line jobba med arrangementet sidan i haust.

– Det er med glede at vi har fått mogelegheit til å arrangere dette om bord. Vi vonar arrangementet blir tatt godt i mot, seier Kenneth Smørdal, salssjef i Fjord Line.

Han forklarar at feiringa er for alle som kjenner seg åleine i høgtida, og at mannskapet som er om bord ser fram til å ta i mot gjestane.

– Eg blir varm om hjarta når eg tenkjer på at vi kan få lov til å hjelpe folk i ein periode som er tøff for enkelte. Vi skal gjere alt for at det blir ein flott julaftan for alle som kjem, avsluttar han.

Artikkeltags