– Ingenting er som å reise inn til Bergen via sjøvegen!

Folkehav: Det samla seg eit hav av menneske for å få med seg blant anna Bergen Shantykor og vinnarane av MGP jr., Emma og Anna. Foto: ANDERS KJØLEN

Folkehav: Det samla seg eit hav av menneske for å få med seg blant anna Bergen Shantykor og vinnarane av MGP jr., Emma og Anna. Foto: ANDERS KJØLEN

Det var god stemning då blant anna vinnarane av årets MGP jr. stod på scena under årets opning av Tall Ships Races.

DEL

(BA): Opningsseremonien til årets Tall Ships Races var ein hyllest til Bergen som både senter for sjøfart og som vertskap for dei mange skutene.

Det var Bergen shantykor som starta kalaset med ein av dei mest kjente sjømannsvisene som er å oppdrive.

– Ja, det gjekk jo bra! Shantyen vi tok no heiter Away to Rio, som er ein klassisk shanty, sa dirigent Helge Riise etter at dei hadde gått av scena første gang.

Koret vart følgd av Hvide Seil, eit danseprosjekt utvikla av korepgrafen Magdalena From Delis og komponist Knut Andreas Knutsen.

Vinnarane av MGP jr kom

Folkemengdea strekte seg langt bak dei fremste stolane, der blant anna ordførar Marte Mjøs Persen og reiselivsdirektør Anders Nyland sat Førstnemde inntok scena etter dansarane si flotte oppvisning.

– Ingenting er som å reise inn til Bergen via sjøvegen, sa ho frå scena, og viste til tidlegare på dagen då ho kom til Bryggen i lag med resten av mannskapet på Statsraad Lehmkul.

Invitert til årets Tall Ships Races var også vinnarane av årets Melodi Grand Prix junior, Anna og Emma. Dei song vinnarlåten «Kloden er syk», til stor jubel fra folkemengda. Far til Emma, komikar Vegard Ylvisåker, synes det har vore ei fin opplevinbg å kikke på båtane.

– Men eg veit ikkje heilt kva eg synes om at dgttera mi får så mykje merksemd.

Emma Ylvisåker sa seg veldig fornøyd med opptredenen:

– Eg synes det gjekk bra. Det er eit fint arrangement.

MGP-vinnere: Emma (t. v.) og Anna sto på Bryggen scene under årets åpning av Tall Ships Races.

MGP-vinnere: Emma (t. v.) og Anna sto på Bryggen scene under årets åpning av Tall Ships Races. Foto:

Blant publikummarane stod blant anna Rebacca Mayet og Ornella Obie-Vona. Dei opplever Tall Ships Races for første gong.

– Det virkar ganske kult. Vi har ikkje besøkt skutene enno, men vi tenkjer å ta turen, seier Mayet.

– Kva med shantyen då?

– Det høyres bra ut! seier Obie-Vona, før Bergen Shantykor nok ein gong entrar scena.

Artikkeltags