Tåkelys til 40 millioner på plass på Flesland

Flesland forventer å få en kraftig reduksjon i antall kanselleringer

Flesland forventer å få en kraftig reduksjon i antall kanselleringer Foto:

Flykanselleringane på Flesland i Bergen forventast å bli kraftig redusert etter at nye, sterke tåkelys til 40 millionar kroner er installert på flystripa.

DEL

– Vi har årleg mellom 150 og 200 kanselleringar grunna tåke. Dette forventast no redusert til mellom 10 og 20, seier fungerande lufthavndirektør Øystein Skaar til Bergens Tidende.

Lysa var klare i juni. Lufthamna til Stavanger har det same systemet, og Oslo har eit endå råare system der ein kan operere med endå kortare sikt.

Det nye systemet vart sett på prøve seinast torsdag. Avinor melde rett nok om forseinkingar, men lufthavndirektøren var nøgd likevel.

– Utan det nye systemet ville tåka fått langt større konsekvensar for flytrafikken denne morgonen. No slapp vi unna med at eitt fly ikkje tok sjansen på å lande, samt at det vart nokre mindre forseinkingar, seier Skaar.

Statistisk sett er det særleg på vårparten at Flesland er utsett for tåke.

Artikkeltags