Lastebåt på veg til Nordhordland gjekk på grunn

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire naboar slo alarm då lastebåten «Falkberg» vart ståande fast torsdag morgon.

DEL

BA: En større lastebåt gjekk torsdag morgon på grunn helt nord i innseglinga til Vatlestraumen ved Håkonshella i Bergen.

– Fleire bebuarar ringde og fortalde at det sto ein svær lastebåt fast i fjæra, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Det vart raskt avklart at det ikkje var fare for liv eller at båten skulle søkke, men ei rekke ressursar vart sendt dit for å få båten av grunn.

Raskt avblåst

Etter ti-femten minutt vart alt behov for bistand kansellert, og Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) sende ressursane i retur.

– Lastebåten ser ut til å ha hatt ein maskinstans. Då har den drive sakte og roleg inn mot grunn, og vore så vidt borti grunn ved Håkonshella. Etter kvart fekk dei start på maskinen og båten drog vidare for egen maskin, opplyser redningsleiar Bjørn Magnussen ved HRS, som styrte aksjonen.

Saka held fram under kartet:

Foto:

Ikkje skader på miljø eller mannskap

Det var lastebåten «Falkberg» som grunnstøtte.

– Det er verken skader på miljø eller mannskap. Skader på båten får vi ta når den har komme til land og har blitt inspisert, seier driftssjef Lawrence P. Falkeid i reiarlaget Falkeid Shipping.

Han vil ikkje kommentere hendinga ytterlegare på noverande tidspunkt.

Ifølge nettstaden MarineTraffic gjekk lastebåten frå Årdal i Ryfylke onsdag kveld med kurs mot Flatøy i Nordhordland.

Rundt klokka 0554 torsdag morgon kom lastebåten til Håkonshella, før den cirka klokka 0620 var i bevegelse igjen.

Undersøkt av politiet

Klokka 0815 begynte lastebåten å legge til kai ved Steinestø i Åsane.

På kaien sto ein politipatrulje som var på plass for å undersøke saka nærmare.

– Vi skal sjekke at alt er i orden med kapteinen og de andre involverte. Politiet opprettar sak, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags