Lokal fiskeentusiast fortvila over fisking av åbor i Lillelungeren

Her får Axel Hirai noko på kroken i Lille Lungegårdsvann. – Eg vart overraska, sier han til BA.

Her får Axel Hirai noko på kroken i Lille Lungegårdsvann. – Eg vart overraska, sier han til BA. Foto:

– Fisken skal vera spreidd til minst 25 vatn i Bergen og omland, men enno ikkje i vår region, seier Endre Hopland frå Knarvik.

DEL

Hopland, som driv fiskemagasinet Hooked, hevdar at ei rekke vatn i Bergen no skal vera infisert med ein fiskeart som absolutt ikkje høyrer heime i vår del av landet, nemleg åbor.

– Det har vore åbor nokon få stader i Bergensområdet i fleire tiår, mellom anna i Nesttunvassdraget og i Tveitevannet ved Sletten senter. Åboren i Bergen var lenge mest å rekne som ein kuriositet i nokon spesielle vatn, men dette har endra seg dramatisk, spesielt dei siste fire-fem åra, skriv Hopland på Hooked.

Endre, som bor i Lindås kommune, fekk sin første fisk som fire-femåring. Han byrja å føra artsliste då han var 12–13 år gammal, og fortel Avisa Nordhordland at han til no har fiska 91 ulike artar.

– Enno ikkje i Nordhordland

Hopland seier til Avisa Nordhordland at det enno ikkje er åbor her ute.

– Men det er sett ut fisk ulovleg i Nordhordland; Gullvederbuk i Kvassnesstemma og i eitt vann i Meland, samt gjedde i Langavatnet på Åse, som har spreidd seg til Trædalsvatnet, seier han til avisa Nordhordland.

– Sistnemnde stammer frå tidleg 90-tal og er gammalt nytt, men like fullt ulovleg, legg han til.

Hooked.no skreiv fredag at Miljøvernforbundet har meldt ulovleg utsett åbor i Lille Lungegårdsvann.

Artikkelen fortset under bildet.

Her poserer artsfiskeentusiast Endre Hopland med ein piggskate - ein av totalt 91 ulike artar han har fiska i Norge. Foto: Privat

Her poserer artsfiskeentusiast Endre Hopland med ein piggskate - ein av totalt 91 ulike artar han har fiska i Norge. Foto: Privat Foto:

– Det er heilt krise!

Nyleg skal det ha vorte fiska åbor i Lille Lungegårdsvann.

– Her hamnar ikkje fisk utan menneskeleg hjelp. Truleg er det ein eller nokon få personar som står bak den grove miljøkriminaliteten som har gått føre seg i Bergen dei siste årene, skriv Hopland.

Det var hobbyfiskar og entusiast Axel Hirai som fekk åboren på kroken i Lillelungeren i starten av juni.

– Det er jo heilt krise, eigentleg. Eg vart overraska for dette er jo absolutt ikkje vanleg, og den høyrer absolutt ikkje til her, seier Hirai til BA og utdjupar;

– Det same skjer med gjedda. Den øydelegg mellom anna ørretbestanden.

Årsaka til at åboren ikkje er ønska i vår fauna er at den kan endre økosystema i vatnet, og true lokale bestandar.

(Saka held fram under bildet)

Foto:

Funne i fleire vatn

I 2013 vart det slått fast at Tveitevannet var fullt av ulovleg åbor.

– Åboren høyrer ikkje heime i våre område, og er difor ein uønskt fiskeart, sa instituttleiar Anders Goksøyr ved institutt for biologi ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende den gong.

Vassdragsforvaltar Ole R. Sandven i Grønn etat I Bergen kommune slo fast at det ikkje var noko tvil om den på eit eller anna tidspunkt var blitt plassert av menneske.

Har ikkje full oversikt

– Vi veit jo godt at det har kome åbor og gjedde i nesten alle vatna i Bergen, men vi veit ikkje kven som står bak utsettingane og vi har ikkje full oversikt over kor mange vatn det gjeld. Disse opplysningane er heilt nye for oss, og mildt sagt sjokkerande, seier fiskeforvaltar ved Fylkesmannen i Hordaland, Gry Walle, til Hooked då dei la fram opplysningane om at det kan bli drive systematisk utsetting av åbor i Bergen og omland.

Ho seier til nettstaden at det er ein enorm utfordring å handtera.

– Det er ein frykteleg vanskeleg sak, for når fisken først er sett ut på eit ny stad, er det berre rotenonbehandling som kan få den bort. Då ryk også all fisken som høyrer naturleg til i vatnet. Det viktigaste for oss er å prøve å hindre spreiinga, men når slike opplysningar som dette kjem på bordet vert ting veldig vanskeleg, seier ho og oppfordra alle som skulle vere vitne til ulovleg utsetting av fisk om å melda forholdet til politiet.

Artikkeltags