Færre omkom på sjøen

Tal frå båtlivsundersøkinga 2018 viser at ni av ti seier dei har flyteustyr til alle om bord. To av tre seier at alle om bord alltid brukar godkjent flyteutstyr.

Tal frå båtlivsundersøkinga 2018 viser at ni av ti seier dei har flyteustyr til alle om bord. To av tre seier at alle om bord alltid brukar godkjent flyteutstyr. Foto:

BÅT: 23 personar omkom på fritidsfartøy i Norge i 2018. Dette er seks førre enn 2017 og det lågaste talet sidan 2001.

DEL

FIRDA: – Det er positivt å sjå ein så markert nedgang i talet omkomne. 23 er framleis 23 for mange, men tala går rett veg og vi håpar at trenden vil halde fram i 2019, seier Petter Andre Søreng, leiar for fritidsbåtseksjonen i Sjøfartsdirektoratet, i ei pressemelding.

I treårsperioden 2013 – 2015 omkom i gjennomsnitt 33 personar kvart år, medan snittet dei tre siste åra er 26.

– Dei fleste dødsfall skjer om sommaren når båten er mest i bruk. 2018 var ein relativt fin sommar, og vi har grunn til å tru at mange var på sjøen. Det gjer nedgangen endå meir positiv, seier Søreng.

Av dei 23 som omkom var 15 nordmenn. Dei andre kom frå ulike europeiske land. Menn er framleis overrepresenterte i statistikken, men i 2018 omkom det fire kvinner, noko som er meir enn tidlegare år.

Sjøfartsdirektoratet har registrert at elleve av dei omkomne ikkje brukte redningsvest eller anna flyteutstyr. Åtte brukte flyteutstyr. I fire saker bruken av flyteutstyr ukjent.

I 2018 skyldast 13 dødsfall grunnstøyting, kantring og liknande, medan 10 dødsfall var reine personulykker. Ni fall på sjøen, medan den siste fekk støytskade og vart kasta på sjøen då han vart treft av ein bom på ein seglbåt.

Sjøfartsdirektoratet skriv at dei vil halde fram med haldningsskapande arbeid i 2019. Det skal også lagast ein handlingsplan for å få ned talet ulykker. Denne skal lagast i samarbeid mellom fleire organisasjonar og arbeidet startar i år.

Artikkeltags