Leiteaksjon i Fensjorden: Fritidsbåt med ein person om bord er sakna

Ein stor leiteaksjon pågår no etter ein sakna Fritidsbåt av typen Paragon 31, same type som vist på bildet. Kart: googlemaps/foto: Politiet

Ein stor leiteaksjon pågår no etter ein sakna Fritidsbåt av typen Paragon 31, same type som vist på bildet. Kart: googlemaps/foto: Politiet

DEL

Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) melder at det vert leita etter ein sakna fritidsbåt med ein person om bord.

Båten skal vera av typen Paragon 31 fot. Båtføraren er ein mann i midten av femtiåra.

Siste observasjon er gjort nord i Fensfjorden. Båten var på veg til Bergen.

Det er sett inn store ressursar i leitane etter båten.

– Det pågår søk og undersøkingar rundt kor vedkommande kan befinne seg, fortel redningsinspektør Ståle jamtli ved HRS.

Leiteaksjonen er sett i gang etter ein bekymringsmelding frå ein kamerat av båtføraren.

– Dei snakka saman på telefon, og så vart dei brutt og han fekk ikkje kontakt att, seier Jamtli.

Det er sett inn både båtar og helikopter i søket.

– Ambulansebåt, kystvaktskip, losbåt, redningsskøyte, luftambulansen og ein Seaking er sett inn i søket, seier Jamtli.

Ressursar frå Raude kors er også sett inn.

Mannen la ut frå Sandnessjøen i Nordland fylke Torsdag med kurs mot Hjellestad i Bergen der han skulle selga båten. Han skal ha køyrd heile natta.

Vest Politidistrikt opplyser at aktuelt leiteområde er frå Gulen til Bergen.

– Observasjonar av den sakna båten er av stor interesse og kan meldast til Hovedredningssentralen Sør-Norge eller Politiets operasjonssentral i Bergen, melder politiet.

SAKA VERT OPPDATERT

Artikkeltags