Antall båtskadar til himmels i mai

Antall båtskader i mai økte med 57 prosent sammenliknet med samme måned i 2017.

Antall båtskader i mai økte med 57 prosent sammenliknet med samme måned i 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Rekordvarmen i Sør-Norge gav eit kjempehopp i talet på uhell på sjøen. Det var 57 prosent fleire båtskadar i mai i år samanlikna med i fjor.

DEL

Det viser tal frå Frende Forsikring. 

– Det er ikkje godt å seia om folk fekk solstikk, køyrde meir uforsiktig eller om det var betydeleg fleire båtar på sjøen. Truleg ein kombinasjon. Auken i talet på skader er i alle fall stor, seier Edmond Wold Gaulen, fagsjef på båt i Frende Forsikring. 

Det er kollisjonar og grunnstøytingar som er hovudårsakene til alle båtskadane i mai.

– Spesielt gjaldt dette for båtar mellom 15 og 25 fot, eller «hyttebåtar» som vi kallar det. Stort sett er det snakk om skader på propellar og undervasshus, uttaler Wold Gaulen.

Dette stemmer godt overeins med trenden i båtsalet de siste årene. Det er båtar av denne storleiken med påhengsmotor som aukar mest.

Det totale talet på melde båtskadar har vore fallande tre år på rad. Det viser statistikk frå Finans Norge.

I 2017 vart det meldt 9.835 skader, ein nedgang på 8,3 prosent sidan 2015.

– Vi får sjå korleis 2018 blir, men med ein slik start på sommaren kan nok talet på stige igjen i år, seier Edmond Wold Gaulen.

I 2017 betalte forsikringsselskapa ut drygt 468 millionar kroner i erstatning. Det gir ein snittpris per skade på nesten 50.000 kroner.

Båtlivsundersøkinga til Kongelig Norsk Båtforbund for 2018 viser at talet på uforsikra båtar i Norge er stigande. Hele 130.000 båtar, eller 19 prosent, har ingen form for forsikring. 

Generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund, Endre Solvang, ser ingen grunn til å droppe båtforsikringa. 

– Nei, ikkje med mindre man ser ein fordel i å ta risikoen sjølv. Det er helt andre ting man kanskje heller bør spare pengar på, seier Solvang. (ANB)

Dette koster båtskadene:

  • 1. Havari – 234,6 millioner kroner
  • 2. Andre skader – 136 millioner kroner
  • 3. Tyveri – 31,6 millioner kroner
  • 4. Brann – 31,6 millioner kroner
  • 5. Ansvar – 3 millioner kroner

(Tall fra 2017. Kilde: Finans Norge)


Artikkeltags