Nye reglar krev pass for å bruke BankID

NYE REGLAR: Om lag fire millionar nordmenn har registrert seg i den personlege elektroniske legitimasjonstenesta BankID, men ikkje alle treng å gå i banken sin og vise pass for å halde fram å bruke BankID.

NYE REGLAR: Om lag fire millionar nordmenn har registrert seg i den personlege elektroniske legitimasjonstenesta BankID, men ikkje alle treng å gå i banken sin og vise pass for å halde fram å bruke BankID. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FORBRUKAR: Ein ny lov om kvitvasking gjer at norske bankar krev pass for at kundane skal kunne logge inn med BankID.

DEL

– Hensikta er å verne både kunden og banken opp mot kvitvasking, ID-tjuveri, svindelforsøk, terrorfinansiering og annan økonomisk kriminalitet, forklarer kommunikasjonsdirektør Hans Tronstad i Sparebank 1 SMN til Adresseavisen.

Den nye lova har strengare krav til legitimering slik at bankane skal vere sikre på kven kundane sine er og reglane krev personleg oppmøte.

Reglene gjeld alle bankar i Noreg, og fleire hundre tusen kundar må dra innom banken sin med pass for å kunne fortsetje å bruke BankID som innloggingsmetode.

Kundar etter 2007

Om lag fire millionar nordmenn har registrert seg i den personlege elektroniske legitimasjonstenesta BankID, men ikkje alle treng å gå i banken sin og vise pass for å halde fram å bruke BankID.

– Frå 2007 har styresmaktene kravd at pass skal liggje til grunn for kundeforholdet. Det betyr at vi har godkjent legitimasjon for dei som har vorte kundar etter 2007, men at vi enno manglar for ein del av dei som vart kundar i banken før dette, seier Tronstad.

Frå kundane blir varsla gjennom nettbanken sin, e-post og SMS har dei to veker på seg å oppsøkje banken. Om ikkje blir BankID-ein mellombels sperra.

Utanlandske statsborgarar som ikkje har norsk pass kan framvise alternativ dokumentasjon, som opphaldskort i tillegg til pass.

Artikkeltags