Ikkje lenger nok å berre melde ny adresse til avisa

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå i år skal også Posten ha beskjed når du vil ha avisa til ei annan adresse i ferien.

DEL

– Det er ikkje lenger tilstrekkeleg å berre informere avisa om midlertidig ferieadresse. No må avisabonnentane også informera Posten om dette for å vera trygg på at avisleveringa blir gjennomført som forventa, seier Ole Morten Ona Ringdal, direktør i Amedias sentrale kundesenter.

Optil to dagar meir

Postens nye rutinar gjer at sending av lokalaviser mellom landsdelar tar opptil to dagar meir enn tidlegare. I tillegg må alle avisabonnentar altså informere Posten om sin ferieadresse.

– Kvar sommar får kundesenteret mange meldingar frå abonnentar som ikkje har motteke avisa som forventa, dette trass i at abonnenten har gitt beskjed til oss via telefon, e-post eller har registrert midlertidig omadressering via sjølvbetening. Skal du vera sikker på at avisa blir levert korrekt, må du altså i tillegg registrere ferieadressa di som tilleggsadresse hos Posten, oppfordrar Ona Ringdal.

Avisabonnenter må også vere klar over at postens omleggingar av A- og B-post frå nyttår, inneber at de som ferierer på en annan stad i Norge utanfor avisas primærområde, no kan få avisa ein til to dagar seinare enn før. Dette gjeld dei som får avisene levert av Posten.

Hugs eAvisa og nett

Rutinane for avisdistribusjon med andre selskap er uforandra. Ona Ringdal minner samtidig om at alle abonnentar også har tilgang til avisa digitalt, både eAvisa (ein rein digital kopi av papiravisa) og nettavisa.

Artikkeltags