Her er vinnarane av billettar til Brannkampen og Medaasprisen

Redaktør Trond Roger Nydal og Avisa Nordhordland gratulerer dei to vinnarane Christel Røyseth Odland og Karina Hagesæter Nytun med billettar.

Redaktør Trond Roger Nydal og Avisa Nordhordland gratulerer dei to vinnarane Christel Røyseth Odland og Karina Hagesæter Nytun med billettar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Avisa Nordhordland har no trekt dei heldige vinnarane av billettar til søndagens Brann-kamp mot Rosenborg og Medaaspris-konserten måndag.

Christel Røyseth Odland vart den heldige vinnaren av to Brann-billettar.

– Oi, tusen hjarteleg takk, var hennar reaksjon då ho fekk beskjeden.

– No vart eg veldig glad, fortel ho til avisa Nordhordland, og kan røpa at ho ikkje har tenkt seg på Brann-kamp sjølv på søndag.

– Både eg og familien følger Brann tett, men eg tenkjer at min kjære mann og son skal få billettane, sjølv om dottera ikkje er heilt fornøgd med det, seier Odland.

Vinnaren av to billettar til Medaaspris-konserten vart Karina Hagesæter Nytun, som gler seg til måndag.

– Det er alltid kjekt å vinna noko, eg vurderte å kjøpa billettar sjølv i helga, men klarte ikkje å bestemme meg, fortel ho.

Nytun fortel at ho har sansen for at det å halde på dialekten sin blir verdsett, og at ein kan vera kry av dialekten sin.

– Lars-Lillo Stenberg kom nok inn i livet mitt med «Det var en gang en sommer i 1993», og eg og søstera mi kunne alle tekstane på den CD-en utanåt, fortel ho.

– Og kven er den heldige som får vera med deg på konserten?

– Eg ønskjer å invitere med meg greie tante Edit, fordi ho er god på striledialekt, seier Nytun.

Vi gratulerer begge vinnarane, og takkar for alle som har vist si interesse.

Det vil bli fleire moglegheiter i tida framover, så det er berre å følga med i papirutgåva, på nett og via Facebook.

Artikkeltags