Fleire tusen råka av straumbrot tysdag kveld

Slik såg feilmeldinga ut på BKK si heimeside tysdag kveld.

Slik såg feilmeldinga ut på BKK si heimeside tysdag kveld. Foto:

To store straumbrot tysdag kveld.

DEL

Tysdag kveld i 20-tida forsvann straumen i Austrheim og Fedje.

Etter kort tid kom straumen tilbake, men så gjekk straumen i Lindås-området.

- På eit tidspunkt var det 3700 som var utan straum, seier Geir Holen, pressevakt i BKK.

Jobbar på spreng

Holen fortel at det er for tidleg å seie kva som er årsaka til straumbrota.

– Men det har vore fleire lynnedslag i området, seier han.

Vidare opplyser Holen om at det er montørar i området som jobbar for å retta opp feila og få straumen tilbake.

– Det er vanskeleg å seie når alle har straumen tilbake, men montørane jobbar på spreng ute i ruskevêret.

Rykka ut etter lynnedslag

Tidlegare tysdag kveld rykka brannvesenet ut til ein bustad i Austrheim etter lynnedslag.

– Det skal ikkje vere brann, men svidde kontaktar, opplyser 110-sentralen.

Artikkeltags