Inviterer til pøbelgran-dugnad i Øksnesmarka

For andre år på rad inviterer Naturvernforbundet Nordhordland til nasjonal pøbelgrandugnad i Øksnesmarka.

For andre år på rad inviterer Naturvernforbundet Nordhordland til nasjonal pøbelgrandugnad i Øksnesmarka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

For andre år på rad inviterer Naturvernforbundet Nordhordland til nasjonal pøbelgrandugnad i Øksnesmarka laurdag 29. september.

– Pøbelgrana spreier seg og utkonkurrerer naturlege arter, og truer naturmangfaldet i Noreg, seier dei i ei pressemelding.

Pøbelgran er samleord på all gran som er planta utanfor naturleg utbreiingsområde i Noreg.

– I praksis vil det seia utplanta utanlandsk gran, og norsk gran planta på Vestlandet og nord for Saltfjellet. Desse spreier seg heilt ukontrollert i norsk natur og er ein stor trussel mot biologisk mangfald, heiter det i meldinga.

Frå 1950-talet og utover har det gått føre seg ei nasjonal statsstøtta planting av tre over heile Noreg.

– Dette har ført til eit tett skogdekke mange stader langs kysten som fortrenger den opphavlege naturen. I tillegg er mange av trea som blei planta ut, utanlandske treslag med stor evne til spreiing. Resultatet er enorme mengder med små tre som veks opp utanfor plantefelta og fortrenger artene som veks der naturleg, mange av dei sjeldne og trua, til dømes i kystlyngheia og naturbeitemarka i Øksnesmarka.

Bakgrunnen for invitasjonen til dugnad er at Naturvernforbundet vil ta vare på det biologiske mangfaldet.

– Møt fram utanfor Øksnes grendahus med motorsag, hagesaks og anna naudsynt utstyr, er oppfordringa.

– Vi er med på ein nasjonal dugnad for å stoppa spreiing av pøbelgrana i unik natur. Vi er med på å setja fokus på spreiing av framande og svartelista arter og minimera trusselen mot sårbare arter og naturområde, skriv dei vidare.

Medarrangørar er Norsk Botanisk Foreining, Sabima og WWF Verdas naturfond.

Artikkeltags