Vegar i Austrheim og Lindås sperra grunna veltande tre

Den sterke vinden har ført til at fleire tre har blåst over ende.

DEL

Klokka 15.53 melde 110-sentralen om eit tre som har falt ned over vegen i Lerøyvegen i Austrheim kommune.

Oppdatering: Brannvesenet har no fjerna treet Lerøyvegen.

Fleire tre i Lindås kommune

Klokka 11.49 tysdag føremiddag melde Vegtrafikksentralen om fleire veltande tre i Vassbygdvegen (Fv 390) i Lindås kommune.

Der skal vegen framleis vera stengt.

Artikkeltags