Seks Nordhordlandsklubbar i ny drakt

Spelarar frå klubbane  Austrheim, Hordabø, Lindås IL, Masfjorden fotballag, Nordre Holsnøy IL og Radøy/Manger FK fikk utdelt gratis spelardrakter til laga sine.

Spelarar frå klubbane Austrheim, Hordabø, Lindås IL, Masfjorden fotballag, Nordre Holsnøy IL og Radøy/Manger FK fikk utdelt gratis spelardrakter til laga sine. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Nordhordlands-klubbane Austrheim, Hordabø, Lindås IL, Masfjorden fotballag, Nordre Holsnøy IL og Radøy / Manger FK var blant dei 200 laga som fekk delt ut gratis spelardrakter frå BKK.

DEL

– I 2017 var det om lag 800 lag som søkte om draktsett. Sidan vi starta med utdeling av draktsett i 1997 har vi no delt ut cirka 58 000 draktsett til lag i våre eigar- og vertskommunar, seier prosjektleiar Kjersti Drangevåg i BKK i ei pressemelding.

– Vi synest det er kjekt å støtte tiltak som skaper sosial energi i berekraftige lokalsamfunn. Vi ønsker å vere ei lokal medspelar, og likar å sjå aktive og engasjerte barn på idrettsbana.

Under besøket fekk laga sjå eit flammande pyroshow presentert av VilVite, ete pølser og drikke brus og moglegheit for å bli kjende med andre barn og ungdom frå andre idrettsklubbar. Robin Dale Oen frå The Dale Oen Experience og Petter Soltvedt frå VilVite bidrog til årets arrangement.

Artikkeltags