Vassproblem i Austrheim - ber folk sjekke leidningane sine

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Førre veka bad Teknisk drift i Austrheim kommune om at folk sparte på vatnet, då det var svært lite vatn i den kommunale vassforsyninga.

Årsaka var det fine, tørre vêret vi har hatt den siste veka der mange har vaska, spyla, vatna plen og liknande. Kommunen bad folk slutte med slikt arbeid, i frykt for at folk skulle miste drikkevatnet.

Denne situasjonen er no under kontroll, og oppmodinga om å vere forsiktig med spyling, vasking og liknande gjeld ikkje lenger.

Men, det vart oppdaga nokre lekkasjar på private leidningar som førte til store tap i vasstilførselen, skriv kommunen på sine heimesider.

– Dei fleste som er kopla til kommunalt vatn har private leidningar inn til husa sine og Teknisk drift oppmodar alle om å følge med på sine anlegg. Ta kontakt med oss om de oppdagar større lekkasjar, oppmodar Teknisk drift i Austrheim kommune.

Den generelle situasjonen når det gjeld vassforsyninga i Austrheim er framleis ikkje løyst, og stort forbruk vil dessverre føre til redusert trykk hos einskilde også i tida framover. Teknisk drift kjem framleis til å bruke mykje ressursar leiting etter lekkasjar og på anna arbeid med det kommunale leidningsnettet, for å stabilisere vassforsyninga og på sikt prøve å betre den, opplyser kommunen.

Artikkeltags