Temamøte med Samuel Massie: – Eg tenkte at viss eg strauk på skulen, så strauk eg i livet

DEL

Samuel Massie snakka om livet sitt på årets temamøte i Nordhordlandshallen. Til slutt var det også tid til spørsmål frå ungdomane sitt ekspertpanel, samt innslag frå publikum.

Mange møtte opp for å høyre på Massie, ein av dei var Aline Rønhovde (15) frå Alversund.

– Samuel fortalde ein veldig inspirerande historie, han er ein stor motivator, meiner ho.

Strauk på skulen = strauk i livet

Etter kjappe talar frå mellom anna konferansierar Ingrid Bekkenes og Thomas Meland frå Salto, byrja kvelden med musikkinnslag av Kristin Manger som song «Rock and Roll Suicide» av David Bowie. Vidare blei Samuel kalla opp på scenen. Han viste ein kort video som ein slags introduksjon til kven han er, kva han har gjort på og kva han skulle snakke om i temamøtet. Deretter leste han litt frå den nye boka si Hold fast, og takka for at han fekk vere i Nordhordlandshallen.

– Det eg skal starta med i dag er eigentleg heilt frå scratch av. Det eg tenker på då er fyrste skuledag på barneskulen, sa Massie.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Han blei veldig glad av tanken på å byrja på skulen. Engasjementet slutta i 7. klasse og i 9. fekk fordi han hadde dysleksi og konsentrasjonsvanskar. Etter å ha kome inn på mekanisk linje VG1 droppa Massie ut etter knappe 3 månader.

– Eg tenkte at viss eg strauk på skulen, så strauk eg i livet. Eg følte meg ikkje noko særleg. Heldigvis ein dag så skulle dette endra seg, sa Massie.

NBK JENTAR 15: desse jentane frå NBK kom for å sjå på Samuel saman med resten av laget. Aline Rønhovde (15) i midten.

NBK JENTAR 15: desse jentane frå NBK kom for å sjå på Samuel saman med resten av laget. Aline Rønhovde (15) i midten. Foto:

Vendepunktet

Massie byrja på Folkehøgskulen 69 gradar Nord, etter at mora hans hadde søkt om plass på vegner av sonen. Denne hendinga snudde om livet til Massie. Han måtte bli overtala av fleire til å byrje på folkehøgskulen og seinare om å ikkje droppe ut med ein gong.

– Eg gidd ikkje dette meir. Nok er nok, og no skal eg visa meg sjølv og visa til andre det eg faktisk kan, sa Massie om tankane han hadde då han måtte tenne eit bål på folkehøgskulen.

Då han etter fleire forsøk fekk bålet til å brenna, tente han også flammen inni seg sjølv og det braut med det negative mønsteret han hadde gått rundt med.

Massie kom i snakk med ein kaptein, som hadde ein båt- og han skulle reise til Sydpolen. Kapteinen hadde lyst at Samuel skulle vere med i mannskapet.

– Eg svarte med ein gong ja, eg er med, fortalde Massie til publikum.


Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Den store reisa

Etter å ha fått klarsignal frå mora si, reiste Massie til Sydpolen. Frå scena fortalde han om reisa, kven han møtte og kva forhold han levde i. Ikkje minst fortalde han om han sjølv om kapteinen, som drog heilt inn til Sydpolen, medan dei andre tre i mannskapet var igjen for å passe på seglbåten.

– Det som skjedde var at vi byrja å køyre og plutseleg så blåste det opp ein svær storm.

Massie fortalde at det var den største stormen i Antarktis på 25 år. Han og kapteinen fekk ikkje kontakt med dei andre i seglbåten på fleire timar. Dei bestemte for å grave seg ned for å overleve.

Både Massie og kapteinen blei redda, men dei andre tre på seglbåten vart ikkje funnet. Etter å ha komet tilbake til Noreg stengde Massie seg inne på hytta til bestefaren i fire månadar, kor han isolerte seg.

– 13. desember 2011 fekk eg ein telefon frå kapteinen. Han sa «Samuel, eg har skaffa meg ein ny båt for å søke etter dei andre – og treng deg som mannskap.»

Massie klarte ikkje å seie nei. På reisa fann dei mange fleire spørsmål enn svar. Båten var sporlaust forsvunne.

Støtte og hjelpe

Då Samuel avslutta å fortelje og visa livshistoria si gjennom fleire filmsnuttar var det tid for spørsmål frå ungdom-ekspertpanelet og publikum.

– Har du nokon råd til kva ein venn kan gjere for ein person som slit med motivasjon?, var eit av spørsmåla som blei stilt av ekspertpanelet.

– Det handlar om å støtte og hjelpe, og vi må seie frå når nokon er på bærtur, svarte Massie ungdommen.


Artikkeltags