LO krev auke i reallønna

Av

Auka kjøpekraft og reallønnsauke for alle medlemsgrupper er hovudkrava til LO før årets lønnsoppgjer.

DEL

Tysdag la LO fram strategien sin for årets lønnsoppgjer. LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er klar på kva han ønsker.

– LO krev auka kjøpekraft til alle, sa han då han presenterte LOs tariffpolitiske fråsegn.

LO vil òg fremme krav om likelønn, kjempe mot låglønn og sikre garantiordningane.

Eten opp

Lønnsveksten i fjor på 2,8 prosent vart i stor grad eten opp av auka straumprisar.

LO peikar òg på at inntektsfordelinga i private tenestenæringar har vorte betydeleg skeivare dei siste åra. Gevinstane blir henta ut av kapitaleigarane, men skulle ha komme alle til gode gjennom lågare prisar på varer og tenester. Misforholdet er ikkje berekraftig over tid, fastslår LO.

I 2016 var det ein svært låg lønnsvekst på 1,7 prosent, mens veksten var på 2,3 prosent i 2017.

Årets lønnsoppgjer er eit såkalla mellomoppgjer, der det blir berre forhandla om lønnsregulering.

Skeiv byrdefordeling

LO vil heller ikkje akseptere at direktørar og toppleiarar i staten stadig har ei betre lønnsutvikling enn vanlege arbeidstakarar.

LO peikar òg på at skattepolitikken til regjeringa har bidrege ytterlegare til ei skeiv byrdefordeling. Mens eigarar har fått store skattekutt, er skattane skjerpa for vanlege lønnstakarar, mellom anna gjennom reduserte pendlarfrådrag og skatt på kost og losji.

– Kapitaleigarar stikk av med ein stadig større del av kaka, slår Gabrielsen fast.

Sjølv om hensikta til regjeringa er å få kapitaleigarar til å investere i ny næringsverksemd, er investeringsutviklinga historisk svak, konstaterer LO.

Artikkeltags