Staten har spart 128 milliardar i sjukelønn med IA-avtalen

Av

Sidan IA-avtalen vart inngått i 2001, har staten spart 128 milliardar kroner i sjukelønn, viser ein ny rapport. Men målet i IA-avtalen er framleis langt unna.

DEL

Milliardinnsparinga for staten kjem fram i rapporten Samfunnsøkonomisk analyse har laga for hovudorganisasjonen YS, skriv Dagsavisen.

Ein nedgang på sjukefråværet på 10 prosent sidan 2001 har bidratt til innsparinga i sjukelønn, men eitt av måla med IA-avtalen var å redusere sjukefråværet med 20 prosent samanlikna med 2001.

Avtalen, som blir reforhandla kvart fjerde år, går ut 31. desember 2018, og skal etter planen reforhandlast i haust. Fleire arbeidsgjevarforeiningar har opna for å skrote avtalen. Fleire av dei meiner også det er på tide å kaste eit kritisk blikk på sjukelønnsordninga, som kvart år kostar staten 40 milliardar kroner.

– Vi vil snu på alle steinar i arbeidet med å få ned sjukefråværet og er også villige til å sjå på sjukelønnsordninga. Vi meiner det er naturleg at utvalet ser på ulike spørsmål knytt til inntektsutviklingssystemet, inkludert sjukelønn, og at dette er noko også partane diskuterer når vi blir inviterte inn, seier NHOs direktør for arbeidsliv Nina Melsom.

– Sjukelønnsordninga er løysinga, ikkje problemet. I staden for å ta pengar frå folk, må vi sjå på kvifor folk blir sjuke og kva tiltak vi kan sette inn på kvar enkelt arbeidsplass, seier LO-nestleiar Roger Haga Heimli.

Artikkeltags