Båt gjekk på grunn i Alverstraumen

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det var BT som først melde om saka. Dei melder at brønnbåten Reflex har gått på grunn i Alversund i Lindås.

– Båten tar ikkje inn vatn, så det er ikkje behov for nokon redningsaksjon av mannskapet. Vi har sendt redningsskøyte som eventuelt vil hjelpa med å berga båten frå grunn, seier Eric Willassen ved Hovedredningssentralen til Bergens Tidende.

Årsaka til grunnstøtinga er framleis uviss, men det skal vere trangt i det aktuelle området. Det skal ha vore fire personar om bord då hendinga skjedde.

Ein NH-tipsar skriv at båten skal ha treft sørsida av Kongsholmen i Alversund, like nord for Alversundbrua.

Artikkeltags