Alver håvar inn prisar for vatn

Dagleg leiar i DIHVA Michal Forland (t.v.) delte ut den flotte prisen til Harry Finseth frå Meland kommune.

Dagleg leiar i DIHVA Michal Forland (t.v.) delte ut den flotte prisen til Harry Finseth frå Meland kommune. Foto:

Av

Vanndagene på Vestlandet enda med to prisar til tilsette i kommunane som blir til Alver. Harry Finseth prosjektleiar i Meland kommune blei personleg heidra, medan Lindås stakk av med sjølve Vannbransjeprisen for Vestlandet.

DEL

Det var Litlås vassbehandlingsanlegg som vann bransjeprisen. Nybygget gir ei stabil og god vassforsyning som er heilt grunnleggjande for industrien på Mongstad.

Det nye anlegget blei opna i februar, og sikrar grunnlaget for dagens industri, for ny industri og mange arbeidsplassar. Dette gjeld både innan raffineriområdet og på forsyningsbasen, der vi kvar dag skipar drikkevatn ut til mange oljeplattformer.

Prosjektleiar Arne Eikefet, einingsleiar Atle Dingen og avdelingsleiar Arne Helgesen tok i mot den ærefulle prisen under Vanndagane på Vestlandet i Haugesund.

Atle Dingen (f.v.), Arne Helgesen og Arne Eikefet får overrekt diplom og gåve for reinseanlegget på Litlås.

Atle Dingen (f.v.), Arne Helgesen og Arne Eikefet får overrekt diplom og gåve for reinseanlegget på Litlås. Foto:

Hjarta i eit stort system

– Eg har jobba med dette prosjektet periodevis i over ti år, med konsesjonsprosessar, planarbeid, tallause møter med Equinor og konsulentar. Sjølve reinseanlegget er berre hjarta i eit stort system, der deler framleis gjenstår, fortel Eikefet.

At reinseanlegget no er innvidd og i bruk, samt at det vekkjer anerkjenning langt utover kommunen sine rekker, er utruleg gøy etter alle desse åra synest Eikefet. Reinseanlegget har ein prislapp på omlag 70 millionar kroner.

– Vi er mange gode kollegaer som deler denne sigeren. Prosjektet har vore eit lagarbeid av dimensjoner, seier den røynde prosjektleiaren.

DIHVA-vinnar

Under den store konferansen i Haugesund var det ikkje berre Lindås som blei feira. Meland sin eigen Harry Finseth mottok DIHVA-prisen for 2019. Forkortinga DIHVA står for Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp, og er eit interkommunalt selskap med 33 medlemskommunar. Finseth fekk prisen for sitt årelange engasjement for vatn og avløp.

– Det kom som eit lite sjokk. Eg hadde vel tenkt at innsatsen min «drukna i mengda», seier Finseth.

Etter mange år i Bergen kommune, og dei siste ni åra i Meland, er det ein erfaren leiar med mange vellukka prosjekt bak seg, som no har motteke prisen.

– Det er veldig kjekt å bli lagt merke til. Å lykkast med prosjekt har vore avhengig av alle dei dyktige personane eg har samarbeide med desse åra. Og den tilliten og olboge-rommet eg har hatt her i Meland, seier Finseth.

Han har jobba med faget i ein mannsalder. Likevel dukkar det stadig opp nye utfordringer. «Umoglege» problemstillinger.

– Tilfredsstillinga av å finne løysingane, og lykkast gir ein enorm motivasjon for å stå på vidare, seier ein glad prisvinnar.

Artikkeltags