To bilar involvert i trafikkulykke på Mongstad

Det opplyser 110 Hordaland i ei Twitter-melding.

DEL

Måndag klokka 07:03 opplyser 110-sentralen i Hordaland om ei trafikkulykke på Storemyra på Mongstad. To bilar er involvert.

I meldinga skriv dei at ingen er fastklemt, og at bilane er utanfor vegbana.

Naudetatane er på staden

Klokka 07:17 melder Vest Politidistrikt om at begge førarane er vakne og bevisste når naudetatane er på staden.

– No er begge førarane køyrt til lokal legevakt for sjekk. Etter det skal dei i avhøyr.

Det seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, til Avisa Nordhordland.

Det er no manuell dirigering på staden.

Beslaglagt førarkort

Lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg, seier at ulykka skjedde då den eine bilen ikkje overhalt vikeplikta si i eit kryss. Sjåføren har fått beslaglagt førarkortet sitt.

Artikkeltags