– Kvar dag pendlar fleire tusen arbeidstakarar inn til og ut av kommunane våre, men kvifor pendlar dei? Dette vil vi finne ut av, seier leiar for fellesnemnda til Alver kommune, Øyvind H. Oddekalv til alverkommune.no.

No er dei i gang med å samla inn informasjon frå deg som er pendlar og busett i Meland, Radøy eller Lindås.

Det siste året har Alver-kommunane Lindås, Meland og Radøy fått hjelp frå Hordaland fylkeskommune til å kartlegge pendlarstraumane inn til og ut av kommunane.

Kartlegginga visar at om lag 12.000 kryssar kommunegrensene kvar dag for å komme seg til arbeid. 7.576 pendlar ut av kommunane, 4.385 pendlar inn. Fleirtalet av pendlarane er unge. Kvinnene pendlar primært til arbeid innan helse og omsorg, medan mennene pendlar til arbeid i industrien, skriv dei på heimesida si.

For å bli endå meir kjend med pendlarane sine, har dei no lansert ein spørjeundersøking, der målet er å finna ut kvifor og korleis dei pendlar.

– Vi vil sjølvsagt at flest mogleg skal både bu og arbeide i kommunane våre, og lurar på kva vi kan gjere for å legge best mogleg til rette for dei som pendlar i dag. Vi lurar også på om dei brukar bil eller kollektivtransport, seier Øyvind H. Oddekalv, leiar for fellesnemnda til Alver kommune.

Les også

Kommunesamanslåing: Ei kulturell utfordring

Invitasjon til å svara på undersøkinga er gått ut via tekstmelding til alle pendlarar i dei tre kommunane som skal bli til nye Alver kommune.

– Målet med undersøkinga er å få kunnskap, som vi kan bruke i arbeidet med å bygge nye Alver kommune. Svara blir ei skattekiste for dei som jobbar med planlegging i kommunane våre. Vi håpar også at næringslivet vårt vil ha glede av å bli betre kjent med pendlarane, seier Oddekalv.

Undersøkinga vert utført med hjelp frå Hordaland fylkeskommune.

– Undersøkinga gjekk ut i går med svarfrist i slutten av mai, og det er alt stor interesse, fortel spesialrådgjevar Lasse Kolbjørn Anke Hansen i fylkeskommunen.