«Svømmer» i Alver-genserar

Berit Løkken og Øyvind Myhr ved Hillesvåg Ullvarebutikk har fått overlevert alle bidraga til Alver-genseren, og gler seg til å presentere dei under opninga av Ullveka fredag 18. oktober.

Berit Løkken og Øyvind Myhr ved Hillesvåg Ullvarebutikk har fått overlevert alle bidraga til Alver-genseren, og gler seg til å presentere dei under opninga av Ullveka fredag 18. oktober. Foto:

Av

12 strikkeglade har tatt utfordringa om å skape den nye Alver-genseren. Bidraga kan du sjå på catwalken under opninga av Ullveka i Knarvik Senter fredag.

DEL

På Hillesvåg Ullvarefabrikk dekkjer fargerike strikkegenserar alle benkar og bord i sanserommet.

– Det er heilt fantastisk at det har kome inn så mange bidrag. Det blir eit vanskeleg val, så eg er glad for at vi er fleire i juryen, seier Berit Løkken som er ansvarleg for design hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Ho har sjølv designa mange mønster, mellom anna for Redd Barna. Løkken skal sitje i juryen saman med representantar mellom anna frå husflidslaget.

– Vi ynskjer oss ein genser som speglar særpreget og identiteten til den nye kommunen. Samstundes skal det vere ein genser folk flest vil like å ta på seg, seier Løkken, som er imponert over arbeidet som er lagt ned i dei innleverte bidraga.

Kultursjefen imponert

Alle genserane vil bli viste på catwalken i Knarvik Senter under opninga av Ullveka i Knarvik Senter, fredag 18. oktober. Det er ungdommar frå ungdomsklubbane og born i Alver som skal presentere dei flotte genserane her. Etter dette vil det verte høve til å stemme fram folkets favoritt.

Kultursjef i Alver, Eirik Utne, er imponert over engasjementet og kreativiteten ute blant alverbuane.

– Vi gler oss veldig til å vise fram dei fantastiske plagga nokon av dei strikkelglade i Alver har skapt, seier han, og nytter høvet til å takke biblioteket som har gjort ein viktig jobb med å samle inn og anonymisere bidraga.

Catwalk og utstilling

Genserane skal og visast fram under Alverdagen, laurdag 19. oktober. Etter dette vil dei pryde ei utstilling hos Hillesvåg Ullvarefabrikk fram til den endelege kåringa i januar 2020. På nyåret skal genserane rundt på ei vandreutstilling på biblioteka i Alver kommune.

Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy som har tatt initiativ til den store design- og strikkekonkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk og Nordhordland Husflidslag. Målet er at ein Alvergenser kan vere med å skape identitet og fellesskapskjensle for dei som bur i Alver kommune. I tillegg er målet å fremje handverk og tradisjonar i den nye kommunen.

Hillesvåg Ullvarefabrikk vil hjelpe til med det tekniske kring å ferdigstille oppskrifta ut frå vinnaren sine notat, og lagar oppskrifta i fleire storleiker. Vinnaren får ein pengepremie på 10.000 kroner i tillegg til heider og ære.

Artikkeltags