Evy Eknes frå Lindås teikna Alver-våpenet

Historisk jobb: Evy Eknes har som jobb å lage streken som fengjer. Det klarte ho med det kommunevåpenet til Alver, som har fått mange positive tilbakemeldingar. Foto: ingunn gjærde / Alver kommune

Historisk jobb: Evy Eknes har som jobb å lage streken som fengjer. Det klarte ho med det kommunevåpenet til Alver, som har fått mange positive tilbakemeldingar. Foto: ingunn gjærde / Alver kommune

Av

Evy Eknes frå Lindås er grafikaren bak Alver sitt nye kommunevåpen.

DEL

– Eg sat i sommarferien og drodla litt, seier Eknes.

Lite visste ho då at det var starten på vinnarforslaget i designkonkurransen ho sat og teikna på.

1. oktober blei kommunevåpenet vedteke, og Eknes fekk overrekt blomar og vinnarsummen på 50.000 kroner. Ei veke seinare har det heile snart sokke inn for den lokale grafikaren.

– Først blei eg litt paff. Då Nils Marton Aadland stod i fellesnemnda og sa at dette er ein historisk dag, forstod eg kor stort det verkeleg er. Det er ekstra stas når det er kommunevåpenet til vår eigen kommune, seier Eknes.

Politikarane uttrykte stor begeistring i fellesnemnda, då dei fekk vite at det var nokon lokale som hadde designa Alver sitt nye kommunevåpen.

Lojal til bedrifta

Grafikaren, som er oppvaksen på Myking, har jobba ved Reklamehuset i Knarvik i 24 år.

Etter reklame- og marknadsføringslinja på vidaregåande skulle Eknes ha eit år pause frå studiane. I perioden fekk ho praksisplass ved Reklamehuset. Sjølv om planen var å studere vidare, treivst ho så godt ved den lokale bedrifta at ho blei verande.

– Det handlar om å skape sin eigen arbeidsplass, seier ho, frå sjefsstolen sin på Reklamehuset.

I 2017 overtok ho rolla som dagleg leiar etter Kjell Mellingen. Dei sju tilsette produserer alt i frå skilt og dekor, til trykksaker, messeutstyr og logoar på klede og reklameartiklar.

Symbola måtte med

– Eg er ikkje så glad i slike konkurransar, men akkurat det med kommunevåpen gjorde saka ekstra spanande, seier Eknes.

Grafikaren fann raskt ut at både bru og båt måtte vere med i kommunevåpenet.

– Båten symboliserer det historiske, medan brua bind oss saman. Ho skal dra oss inn i framtida, forklarer Eknes.

Etter å ha skissert ulike forslag i sommarferien, hengte ho teikningane opp på kontoret. Alle var einige om at vinnarforslaget var det beste. Eknes sendte inn fleire forslag, men politikarane kom til den same konklusjonen som kollegaene på Reklamehuset.

– Dei fleste har ei meining om form og farge, men eg håpar folk kan kjenne seg igjen og identifisere seg med kommunevåpenet, seier den smilande grafikaren frå Lindås.

Avisa Nordhordland gjer lesarane merksame på at denne artikkelen er sendt inn av kommunen si informasjonsavdeling.

Vil du sende inn stoff til oss? Send på epost til redaksjonen@nordhordland.no.

Vi ønsker tekst, foto og bildetekstar med namn på personar. Kva som kjem på trykk blir ei redaksjonell vurdering for kvart enkelt bidrag.


 

Artikkeltags