Inviterer barn, unge og vaksne til å komma med forslag til kommunevåpen for Alver

Håvard Giezendanner, Simeon Kalnes Dencker og Claus Sellevol har alt komme med utspel til korleis dei meiner kommunevåpenet til nye Alver kommune bør sjå ut. No vert alle barn, unge og vaksne inviterte til å komma med forslag.

Håvard Giezendanner, Simeon Kalnes Dencker og Claus Sellevol har alt komme med utspel til korleis dei meiner kommunevåpenet til nye Alver kommune bør sjå ut. No vert alle barn, unge og vaksne inviterte til å komma med forslag.

– Vi håpar på eit stort engasjement.

DEL

Det seier Nils Marton Aadland, leiar i komité for identitet, symbol og felles kultur.

Denne komitéen jobbar no med forslag til kommunevåpen for Alver kommune. Dei ønsker breiast mogleg medverknad frå

innbyggarane, og inviterer difor barn, unge og vaksne til å komma med forslag på kva dei vil at kommunevåpenet skal symbolisera.

Forslaget kan leverast som ei skisse og ein kort forklarande tekst, eller ein tekst med temaforslag.

– Vi håpar på eit stort engasjement og har stor forventning til at her kjem mange spennande og gode innspel som vil vera verdifulle i det vidare arbeidet med kommunevåpen, seier Aadland.

– Motivet må vera lett å kjenna att og representere den nye kommunen på ein god måte – utan å ha element frå dagens kommunar sine våpen, påpeikar Aadland.

Komiteen presiserer at dette er ingen konkurranse. 

– Målet er å få så mange og gode innspel at me kan hente ut nokre hovudtrekk som me kan ta med oss vidare.

Hovudreglar for kommunevåpen

  • Et våpen skal inneholde ett metall og én farge:  sølv eller gull + rødt, blått, grønt eller svart.
  • Våpenet skal inneholde bare ett motiv, men samme motiv kan gjentas flere ganger.
  • Motiv skal fremstilles generelt, uten individuelle trekk.
  • Motivet skal fremstilles i flatestil, det vil si todimensjonalt, uten bruk av skyggelegging og perspektiv.
  • Motivet skal være så enkelt at det er lett kjennelig også i liten størrelse eller på lang avstand.
  • Motivet skal fylle skjoldflaten godt.

Kjelde: Arkivverket

Det er sendt ut invitasjon til alle skulane i dei tre kommunane, og frist for å komma med forslag til kommunevåpen er 15. april.

Send inn ditt forslag

Forslaga merka «kommunevåpen» kan sendast til:

Epost:
postmottak@alver.kommune.no

Post:
Nils Marton Aadland
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Artikkeltags