Hovuddelen av fangsten er teken vest for Vadheimsfjorden.

Etter rømminga i Sogn krev Norske Lakseelver at Fiskeridirektoratet utvidar området – og talet på elvar for miljøundersøking. Dei trekkjer fram laksevassdag rundt Førdefjorden i Sunnfjord som eit område som må omfattast av ei slik undersøking.

Aller Aqua har sett i gang miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettsfisk i elleve vassdrag i Sognefjorden, etter pålegg frå Fiskeridirektoratet. Målet er at fisk frå rømminga ikkje skal få gyte i dei aktuelle vassdraga.

Oppdrettsselskapet har tidlegare opplyst at dei vil betale 200 kroner for kvar fisk som blir levert inn. Kvar dag tek dei imot fisk på mottaksstasjonen på Vadheimskaien.