Nye skattar og avgifter løyser ikkje Alver kommune si grunnleggjande utfordring

Nye skattar og avgifter løyser ikkje Alver kommune si grunnleggjande utfordring, skriv Nils Marton Aadland i dette innlegget.

Nye skattar og avgifter løyser ikkje Alver kommune si grunnleggjande utfordring, skriv Nils Marton Aadland i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Alver Høgre er glad for at vi saman med våre samarbeidsparti Sp, Ap, KrF har sagt nei til rådmannen sitt framlegg om å innføra eigedomsskatt på hus, hytter og næring. No er tida inne til å driva kommunen meir effektivt.

Det er ingen tvil om at Alver kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon. Men, denne situasjonen har ei positiv bakside. Alver kommune har gode inntekter, ja langt betre enn dei fleste kommunane vi kan samanlikna oss med. Årsaka til det er ikkje minst at kommunen årleg mottek ca. 150 millionar kroner i skattar og kompensasjon frå Mongstad.

Utfordringa til Alver kommune er ikkje inntektene, men for høge driftsutgifter. Då blir det feil å innføra ein usosial eigedomsskatt på hus og hytter som rammer innbyggjarane heilt vilkårleg - uavhengig av inntekt og betalingsevne.

Det siste næringslivet i Alver treng i desse krevjande koronatider er innføring av næringsskatt. Difor er det gledeleg at også det framlegget er avvist.

Alver kommune sine driftsutgifter må reduserast. Innføring av nye skattar vil ikkje løyser kommunen si grunnleggande utfordring, nemleg at vi driv for kostbart. Vi må redusera kommunen sine utgifter.

Det gjeld også for administrasjonen. Difor vil Høgre vil ha kutt på løyvingane til administrasjon, ja betydelege kutt. I samarbeidspartia sitt budsjettframlegg ligg det ei innsparing på 10 millionar kroner på administrasjonen. Det høyrest kanskje mykje ut, men eigentleg er det ikkje det.

Både Kostra-samanlikning som Alver kommune sjølv har utarbeidd og «Kommune NM» viser tydeleg at Alver kommune bruker mykje pengar på administrasjon samanlikna med andre kommunar.

Alver brukar ifølgje «Kommune NM» 5115 kroner pr innbyggjar til administrasjon. Tilsvarande tal for Stord kommune er 3466 kroner. Altså bruker Alver 1649 kroner meir pr. innbyggjar på administrasjon enn Stord. Når vi gangar dette opp dette talet (1649) med talet på innbyggjarar i Alver (29 224), ser vi at Alver kommune brukar nær 48,2 millionar kroner meir på administrasjon enn Stord kommune. Hadde vi samanlikna Alver med Askøy kommune ville differansen blitt endå større.

Det viser kvifor det er trong for blant anna stillingsstopp for administrative stillingar i Alver kommunen og ei kritisk gjennomgang av korleis vi driv tenestene. Dette for at vi skal oppretthalda gode tenester i kvardagen til våre innbyggjarar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken