Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I Nh 15.02.20 skreiv eg om områdeplanen for Flatøy:
«Planen opnar for om lag 3000 bueiningar med sannsynlegvis meir enn 6000 innbyggjarar. Vi kan ikkje sjå at det er gjort heilskaplege demografiske analysar i planframlegget som underbyggjer behovet for ei slik omfattande utbygging.
I SSB si befolkningsframskriving datert 26.06.18 er veksten fram til 2040 berekna til 2500 i Lindås kommune og 3600 i Meland kommune, til saman 6100 innbyggjarar. For Radøy er veksten stipulert til 100. Den samla befolkningsauken i dagens Alver kommune vil dermed bli 6200.
Dette er hovudalternativet til SSB. Mykje tyder på at framskrivinga er for høg. Fødselstalet i Noreg er synkande og ligg no heilt nede på 1,62. Ikkje sidan 1930-talet har fødselstalet vore så lågt. Det lågaste framskrivingsalternativet til SSB med ein samla befolkningsvekst i Alver kommune på 4500 innbyggjarar kan difor vera meir realistisk.»
Den ferskaste prognosen frå Vestland fylke, sitert i Strilen 18.02.19, støttar under det lågaste alternativet til SSB og vel så det. Iflg. prognosen vil folketalet i Alver auka frå 29 090 i 2019 til 32 995 i 2040, dvs. i underkant av 4000 innbyggjarar.
Prognosen er ein torpedo mot Flatøy-utbygginga. Det er på tide å innsjå realitetane før bustadpolitikken i heile Alver vert skadelidande, både planane om fortetting i Knarvik og Frekhaug og eit desentralisert bustadmønster elles i kommunen. Sats heller på Flatøy som ei grøn lunge.

Enorme utbyggingsplanar for Midtmarka og Rotemyra – Dei oppmøtte på folkemøtet ønskjer ikkje utbygginga

Meiner vegplanen er det verste med utbygginga: – Det er òg gode ting som er gjort
Slik vil Bunnpris-kongen lokke bergensbedrifter til Nordhordland

Meland og Lindås vil bygge opp til 4500 nye bustader. Fylkesmannen ber dei ta ei ny vurdering
