Nye og strengare koronatiltak på Fedje

Folk vert bedne om å halde seg i bilen under ferjeturen.

Folk vert bedne om å halde seg i bilen under ferjeturen. Foto:

Kommunen håpar at tiltaka ikkje vert langvarige.

DEL

Fedje Kommune hadde i går møte i kommunal kriseleiing og vil innføre tiltak for å hindre at smitten skal spreie seg ytterlegare.

Kommunen seier i ein pressemelding at dei er lei seg for at desse tiltaka må gjennomførast, men ber om forståing for at det er naudsynt. Dei håpar at det ikkje skal vare meir enn 14 dagar, og helst mindre

Dei nye tiltaka inneber mellom anna at korfesten i kyrkja og Operafest på Fab. 8 i helga vert avlyst. I tillegg vert folk bedne om å sitje i bilen på overfarten med ferja.

Her er tiltaka som vert sette i verk på Fedje

-Det vert ikkje korfest i kyrkja til helga
-Det vert ikkje Operafest på Fab. 8
-Folk vert beden om å sitje i bilen på overfarten med ferja
-Butikken vert oppfordra til følge med på at folk nyttar desinfeksjonsspriten og held avstand
-Folk vert råda frå å reise til Bergen om det ikkje er naudsynt
-Heimekontor for de som kjem frå andre kommunar og har arbeid i administrasjonen
-Munnbind på bussen mellom Knarvik og Bergen
-Dropp kurs som ein skulle på i Bergen

Tiltak på Fedje sjukeheim:
-Stans i pasientbesøk utanom etter avtale med leiar
-Prest, lege, fysioterapeut, fotterapeut og frisør stansar sitt rutinearbeid i sjukeheimen
-Ikkje dagpasientar
-Maske og hanske og sprit ved heimebesøk
-Dei tilsette må vere nøye med hygienereglane på fritida si
-Ikkje gubbekveld
-Ikkje eldresamlingar og eldrekafé i Hjartebanken

Artikkeltags