Nye Alversund skule – slik ligg arbeidet an

Hausten 2019 starta grunnarbeidet med den nye barneskulen i Alversund. Etter planen skal bygget stå ferdig hausten 2021. Trass korona og det dette har ført med seg er prosjektet i rute og skulen vil vere klar til å takast i bruk hausten 2021, fortel prosjektleiar Inger Marie Jordal.