– Det er for lite kapasitet i straumnettet her og vi ventar ytterlegare auke i forbruk i heile området. Det er og slik at dersom det oppstår feil på deler av det nettet som er i dag, så vil folk miste straumen. Difor skal vi bygge ein ny transformatorstasjon som vil fikse det problemet, fortel prosjektleiar Asgeir Norevik i BKK nett.

Torsdag gav han politikarane i Alver ein oppdatert framdriftsplan på bygginga av den nye transformatorstasjonen i Knarvik. Stasjonen skal ligge i det populære turområdet Lonena og er 28x16 meter i flatemål og ni meter høg. Den skal byggast inn i terrenget og taket skal ifølge Norevik fungere som ein slags utsiktspost.

Det skal byggast ein 60 meter lang veg til trafostasjonen frå Lonsvegen. BKK skal etter planen starte bygginga i februar eller mars neste år, og håpar å kunne sette transformatorstasjonen i drift ein gong mellom desember 2022 og februar 2023.

– Framdriftsplanen er mellombels, då framdrifta er avhengig av marknaden. Det er utfordrande å få tak i utstyr i marknaden. Leveringstida er utanom normalen på alt.

Har fått kritikk

Så tidleg som på 70-talet blei dei første teikningane av transformatorstasjonen i Lonena i Knarvik skissert.

BKK Nett tok fram att planane i 2012, og oppretta dialog med kommunen i 2016. Sidan då har selskapet jobba hardt for å få løyve til å bygge ut stasjonen, som skal sikre kapasitet og forsyning av straum til store område i Alver kommune.

Den lange prosessen har inkludert fleire rundar med både kommune og fylkeskommune. BKK Nett har også fått krass kritikk frå innbyggarar som meiner at stasjonen vil vere eit stort inngrep i det populære friluftsområdet.

Likevel fekk BKK ja frå kommunen i 2020 og frå NVE tidlegare i haust.

20 år

I formannskapsmøtet torsdag fekk Norevik spørsmål frå Nina Bognøy (Ap) om trafostasjonen berre ville dekke opp det akutte behovet som er i dag, eller om den i tillegg vil gi ekstra kapasitet til nytt kraftbehov i åra framover.

– Når det gjeld behovet i dag og dei neste 20 åra, så vil denne trafostasjonen vere stor nok til å ta unna det. All ny industri vil det og vere store moglegheiter for, svarte han.